Live | Norge | Sverige | Danmark | Europa | USA | Valuta | Råvarer | Gråmarked | Fond | NDXForsinkede kurser. Sist oppdatert: mandag 21. mai
Oversikt
Kursliste
Indekser
Nyheter
Største handler
Tegningsretter
Historikk
Vinnere/tapere
Høy/lav

14/02-2018 17:30:01: (SFSB50) Sparebanken Sogn og Fjordane - 4. kvartal 2017

Styret i Sparebanken Sogn og Fjordane har handsama rekneskapen for 4. kvartal
2017. Rekneskapen viser eit totalresultat på 120 millionar kroner for kvartalet
og 425 millionar kroner for året. 

Netto renteinntekter er på 219 millionar kroner for kvartalet, ein auke på 4
millionar kroner frå førre kvartalet. For året under eitt er rentenettoen 854
millionar kroner, noko som er ein vekst på 75 millionar kroner eller 9,6 % frå
2016.  

Resultatet frå finansielle instrument er 57 millionar kroner mot 35 millionar
kroner i 2016. Andre inntekter er auka med 7 millionar kroner til 132 millionar
kroner.

Banken har dei siste åra vore gjennom ein periode med auka investeringstakt,
noko som har gitt auka kostnadar. Dette gjelder også for 2017. Kostnadane er for
året samla auka med 96 millionar kroner, men 47 millionar kroner av auken
skuldast tilbakeføring av pensjonsansvar i 2016. I 2017 er det gjort tiltak for
å bremse kostnadsveksten, noko som skal gi effekt i 2018. Det er mellom anna
gjort 8 millionar kroner i avsetningar til omstrukturering. Banken ventar ein
tilnærma flat kostnadsutvikling i 2018.

Samla tap for konsernet er 117 millionar kroner for året, og er 3 millionar
kroner lågare enn i 2016. Nedskrivingane utgjer 0,26 % av brutto utlån.

Det er inntektsført 57 millionar kroner mot andre innrekna inntekter og
kostnader, relatert til verdiauke i strategiske aksjeinvesteringar, hovudsakleg
Frende Holding. 

Totalresultat etter skatt er på 425 millionar kroner mot 340 millionar kroner i
2016. Eigenkapitalavkastninga er på 10,8 %. 

Det er foreslått utbytte på kr 5,25 pr EK-bevis, samla kr 102 millionar kroner,
pluss ei avsetning på 8 millionar kroner til gåver. 

Pr 31.12.17 har banken rein kjernekapitaldekning på 15,3 % og total
kapitaldekning på 18,1 %. Banken er dermed godt posisjonert i forhold til
regulatoriske kapitalkrav.

Den fullstendige kvartalsrapporten er lagt ved, saman med ein presentasjon av
tala pr. 4. kvartal 2017.

Kontaktpersonar:
Trond Teigene, adm. direktør, tlf. 908 25 086
Frode Vasseth, direktør økonomi og finans, tlf. 951 98 452

Ekstern link: http://www.newsweb.no/index.jsp?messageId=444313

Nyheten er levert av OBI.

Utforming |  Hjelp |  Utskrift  | Bytt til sanntid  Åpne markeder: Stockholm
mandag 21/05-2018 14:54:35